Copy
View this email in your browser

Kjære elevar og foreldre/føresette!

Vi er takksame for å kunne melde om ein svært god skulehaust! Det er fantastisk å sleppe fokus på smittevern og restriksjonar. No ser vi fram til Temadag/foreldredag/skuledag 13. november og håpar å sjå mange av dykk der. Sjå meir info under. 
Miljøteam og fritid
Årets kreative miljøteam har i haust hatt mange kjekke tilbod både ute og inne. Ungdomsleiar Lars Rugland Aarseth og miljøarbeidarane Aslak Kjebekk, Marit Knutzen og Erlend Nordtun er supre leiarar av miljøarbeidet😊 Elles er russen positive miljøskaparar med liga, gute- og jentekveld, russemøte og no sist eplehausting for juiceproduksjon på Randaberg, Lyngnes Gård, - til inntekt for misjonsprosjektet!
 
OM-dag og langhelg
Det blir langhelg 3. – 7. november. Då håpar vi at mange nyttar høvet til å reise heim og få ein god miniferie med familie og venner mellom haustferie og juleferie. To av dagane er det planleggingsdagar. Personalet reiser då på friskulekonferanse saman med mange andre kristne friskular i Noreg. Den tredje dagen er ikkje fridag, men OM-dag. Det er onsdag 3. november. Då vil elevane arbeide eller selje støttebevis til inntekt for misjonsprosjektet. Elevrådet og Tryggheimrussen sitt misjonsprosjekt er dette skuleåret i Bolivia og Peru. Innsamlingsaksjonen skal støtte evangelisering og bistand i Sør-Amerika. Bolivia og Peru har store sosiale utfordringar. Arbeidsløysa er høg, og det er store skilnader mellom fattige og rike. Årets misjonsprosjekt på Tryggheim skal støtte både yrkesutdanning og kristen utdanning. Pengane skal også gå til søndagsskule-, leir- og ungdomsarbeid og kurs for å betre forhold i familiar. Vi er takksame for elevane sin store innsats denne OM-dagen!
Skoleturar
Vg2-turane til Europa og Israel blir til våren. Då vil vi også ha turtilbod som erstatning for turane som årets Vg3-elevar fekk avlyst i fjor. Det betyr at det blir turar både for Vg2 og Vg3 rett før påske, frå ca. 30. mars. Vi ser fram til samansveising på tvers av utdanningsprogramma og på dagsorden viktige tema som menneskeverd, 2. verdskrig og holocaust. For meir info om Vg2-turane og leirskule på Vg1, sjå under Skoleturar her: https://vgs.tryggheim.no/info/
Tilbake til gamle fråværsreglar frå 18. oktober
Etter haustferien er det slutt på pandemi-reglar for fråvær. Det betyr i praksis at vi går tilbake til meir normal skule kor f.eks. føresette ikkje lenger kan skrive melding om sjukdom. Det betyr vidare at fastlegane får meir å gjere. Ved behov kan det vere lurt å skaffe med dokumentasjon frå lege på helseplagar. Då vil det førast som fråvær, men det vil ikkje gå på 10 %-regelen og vurderingsgrunnlaget. Sjå oversikt over fråværsreglane på vår nettside;
https://vgs.tryggheim.no/aktuelt/forklaring-av-fravaersregler/
 
Temadag/foreldredag/skuledag
Temadag/foreldredag er dagen for kontakt mellom skule og føresette. Dagen er også ein av dei 190 skuledagane.  
Programmet blir omtrent slik, men det kan bli noko justert:
  • 1315-1430; Fleksi middag
  • 1330–1530 Tilbod om samtalar med kontaktlærar/faglærar/andre. NB: Bestilling av samtalar på førehand innan måndag 8. november kl. 2359. Bestill her: http://tiny.cc/temadag21
  • 1530–1600 Foreldremøte klassevis
  • 1600 –1630 Pause med kaffi og mat
  • 1630–1730 Alexis Lundh – foredrag i møtesalen for alle elevane. Lundh har eit aktuelt tema som går på  Identitet og Please tell me who I am. Streaming til foreldre/føresette i klasserom/daglegstove/heime.
  • 1800–1845 Fest for alle elevar. Streaming til foreldre/føresette i daglegstove/heime.
  • 1900–1930 Russebasar – Alle elevar og foreldre er velkommen
Ungdomsbedrift-utstilling
Til tillegg til dette blir det denne temadagen UB-utstilling/salsutstilling i gymsalen mellom 1400 – 1730. Biletet over er frå ei slik utstilling før pandemien.
Tryggheim satsar på ungt entreprenørskap som metode, og det har bore gode frukter for motivasjon og læring. Denne dagen vil 15-20 ungdomsbedrifter ha salsutstilling i gymsalen, og vi gler oss til å vise fram gode idear, fine produkt og nyttige tenester. Ta turen innom, sjå, smak og kjenn gjerne litt på kjøpepresset.
Anna info:
  • Tryggheim vgs har utarbeida ei pedagogisk plattform. Følg med på nettsida. Den kjem snart der😊
  • Tryggheim vgs planlegg også i år Elevundersøkinga for alle elevane. Sjå her for informasjon: https://vgs.tryggheim.no/aktuelt/informasjon-om-elevundersokelsen/
  • Internatleiar ønskjer melding frå dykk som treng overnatting på temadagen (906 05 962).
  • Viss det er noko de lurer på, treng de ikkje vente til temadagen. Ver frimodig å ta kontakt! Kontaktinfo finn de her: https://vgs.tryggheim.no/
 
Med vennleg helsing
 
Gjermund Viste
rektor
Instagram
Facebook
Website
Copyright © 2021 Tryggheim skular AS, All rights reserved.


Want to change how you receive these emails?
You can update your preferences or unsubscribe from this list.

Email Marketing Powered by Mailchimp